Den gode tavla

I stadig større grad fortrenges bruken av tavla i klasserommet, til fordel for bruk av powerpoint og andre elektroniske presentasjonsmetoder. Selv er jeg dog stor fan av å tavle som hjelpemiddel i gjennomgang av stoff, og det slår meg at elevene i år etter år også fremhever at de synes timene med tavle er de beste. Men hvorfor er det sånn? All "fornuft" tilsier jo at en god powerpoint med bilder og filmsnutter og som legger opp til god variasjon underveis i gjennomgangen er det beste? Jeg tror ikke dette stemmer. Jeg tror at vi lærerne ofte skyter oss selv i foten ved å tro at elevene må underholdes, og ved at vi dermed må sprite opp timene våre med mest mulig teknologisk krims-krams. Jo flere ulike momenter (tegneserie, film, bilde, musikk, skrift, stikkord etc.) som er med, jo bedre blir det - er det slik det fungerer? Ofte kan man få det inntrykket, men jeg vil gjerne slå et slag for mer tavlebruk.

Jeg har gjort meg en del tanker om hvorfor mange (de fleste?) lærere i stor grad har gått bort fra å bruke tavla til lengre gjennomganger. Hovedtesen er at det rett og slett er mer krevende å skulle snakke for en klasse i seksti minutter med tavle og kritt eller tusj som hjelpemiddel, enn med powerpoint som støtte. Hvorfor?

  1. Tavla krever at man kan stoffet som skal gjennomgås inn og ut. I forhold til ved bruk av powerpoint er man i mye større grad naken når det kommer til å ha kontroll på faget. Jeg har av og til en støttelapp liggende på kateterpulten for å huske hvilke momenter som må med, men det er nytteløst å ha mer notater enn det. Da forsvinner flyten. Og dermed må man bare vite hva som må med. 
  2. Tavla åpner for elevmedvirkning og -innspill i svært stor grad. Hvis elevene får lov, kan de styre gjennomgangen ved hjelp av spørsmål og kommentarer, og dermed blir gjennomgangen deres i mye større grad enn ved den fastlagte fremdriften i en powerpoint. Men dette stiller store krav til læreren som leder i klasserommet, som må holde tråden og ta elevene inn, samtidig som det faglige innholdet må på plass. 
  3. Tavla stiller store krav til at man klarer å strukturere stoffet underveis, både i hodet og på tavla, sånn at bildet elevene ser foran seg gir mening for dem. Det innebærer at begge de to punktene over, god kontroll på fagstoff og god klasseledelse, er på plass. Samtidig er det en liten kunst å skrive på tavla på en slik måte at det som står der gir god oversikt og sammenheng for elevene, og slik at det ikke bare blir løsrevne stikkord fra det du snakker om. 
Tavla skal gi et bilde av helheten som elever og lærer sammen har snakket om. Slik gir tavlebildet som elevene er med på å skape at de får eierskap til stoffet som gjennomgås. Hos meg tar vi bilde av tavla, og legger det ut på It's learning og Facebook. Og mens det bildet gir lite mening for den som var borte, sier det alt til dem som var der og fulgte med, fordi de var med og lagde det. Og dette eierskapsforholdet til stoffet vil også fremme kontakten mellom lærer og elev, og elevenes forhold til sin egen undrings- og læringsprosess ved at de kan bruke seg selv inn i gjennomgangen, i forhold til den enveiskjøringen som gjerne kan komme når læreren binder seg rekkefølgen på slides-ene sine.

Med all den støtten som man i dag kan få i klasserommet, krever det kanskje litt mot å gå tilbake til start: Sju stikkord på ei bok, to tusjer og ei tavle. Men jeg lover: Når det fungerer, så er det å bruke tavla et ypperlig redskap for å fremme elevenes læring. All kritikken mot såkalt tavleundervisning er egentlig kritikk mot den kjedelige og statiske foreleseren. God bruk av tavla derimot, er både kreativt, konstruktivt og læringsfremmende. Så neste gang du skal gjennomgå stoff, prøv å droppe powerpointen du også, kanskje blir du tavlefrelst som meg!

Kommentarer

Teksten under var eigentleg meint å vere ein kronikk, men eg kan like godt lime den inn her. Det vert altså ein relativt lang kommentar (i to delar)...

Del I

Lik den tradisjonelle tavleundervisinga gjev ikkje det digitale mediet nokon garanti for at undervisninga er god eller dårleg. Det er ikkje alltid lett å vite kva verktøy som gir best resultat. I det ein trur biletet sit fint på veggen så viser det seg at treskruen var lite eigna for gipsveggen, og ein sit att med eit lite kledeleg hòl og ei knust biletramme. PowerPoint og liknande programvare er eit verktøy. Det er ikkje ein undervisingsmetode, men eit multimodalt medium for å presentere informasjon. Det multimodale aspektet tilseier at det er råd å presentere bilete (t.d., grafar, illustrasjonar, film og animasjon) og ord i form av skriftleg og munnleg tekst. Forskaren Richard Mayer finn at ein lærer betre frå ord og bilete enn ein gjer frå ord åleine, men samstundes at ein lærer betre når unødvendige ord, bilete og lydar («teknologisk krims-krams») er ekskludert i staden for inkludert i lærematerialet.

I fjor studerte eg dette temaet som masterstudent i pedagogikk ved Universitetet i Bergen, og i samarbeid med professor Rune Johan Krumsvik målte vi haldingane til 165 studentar ved psykologi, odontologi, pedagogikk og medisin. Studien gir indikasjonar på at studentar ikkje naudsynt er udelt positive til bruk av PowerPoint. Sjølv om mange studentar gjev uttrykk for at slike presentasjonar fører til ein betre struktur og auka læringsutbytte i forhold til tavleundervising, har det tradisjonelle alternativet si styrke i interaksjon mellom førelesar og student. Opplevd struktur og interaksjon er subjektive eigenskapar, medan læringsutbytte til ein viss grad kan målast objektivt gjennom testar som måler hukommelse og evner til nytte seg av lærestoffet i nye situasjonar. Slike testar har i liten grad vist at PowerPoint gir eit betre eller dårlegare læringsutbytte samanlikna med tradisjonell tavleundervising.

Det er metodar som fostrar læring og ikkje mediet i seg sjølv. Dette er ein grunnsetning innan kognitiv læringsteori. I høgare utdanning er det framleis monologen som er dominerande, og ein slik førelesarorientert metode har sine fordelar. Særleg gjeld dette for studentar som har til gode å byggje opp ein solid teoretisk og erfaringsbasert kunnskapsbase. Diverre kan tilnærminga vere hemmande for meir erfarne studentar, som gjerne har bruk for eit meir problemløysande og utforskande miljø. Studien som vart avslutta fjor støttar oppunder dette, og viser at yngre studentar med mindre erfaring frå høgare utdanning er mest positive til PowerPoint og i større grad rapporterer at det opplevde føremålet med undervisinga er at ein skal forstå innhaldet eller at ein skal kunne bruke det i praktiske augemed (t.d., analysere, evaluere og skape ny kunnskap). Erfarne studentar, og då særleg menn, er meir skeptiske til mediet og er overrepresenterte blant dei som meiner undervisinga ber preg av å vere ei øving i å pugge fakta, eller endåtil at det ikkje er nokon klar intensjon bak.
Del II

Når det vert skrive at medium ikkje fostrar læring så er det likevel klart at enkelte medium har kvalitetar som tilsvarande alternativ vanskeleg kan møte. Ein multimodal presentasjon involverer bruk av multimedia, frå enkel bruk av statiske bilete og tilhøyrande tekst til komplekse og interaktive 3D-modellar. Multimodalitet er ikkje noko nytt, men om ein hugsar VCR-maskiner, kassefjernsyn og overhead-prosjektørar på hjul så kan ein kanskje vere samd om at multimodale presentasjonar er enklare å gjennomføre i dag enn tidlegare.

Like fullt så meiner eg at den gode, gamle tavla har eigenskapar som vanleg bruk av PowerPoint ikkje kan måle seg mot. Ein standard PowerPoint-presentasjon er eit ferdigarbeida produkt, som vert lagt fram i eit lineært system frå A til Å. I ein tradisjonell kontekst vil tavla ved slutten av ei førelesing sjå ut som eit eklektisk graffitiverk, men i ein idealsituasjon vil det som står der vere eit produkt av eit samarbeid mellom førelesar og studentane. Denne samarbeidsbiten er eit ømt punkt for PowerPoint, og sjølv om interaktive tavler (t.d., Smart Board) kanskje kan bøte på dette, så er det framleis eit lite utforska felt. Eit resultat kan vere at monologen står sterkare ved bruk av PowerPoint enn ved tavleundervising. Likevel så har PowerPoint altså vorte hovudverktøyet innan førelesing.

Kva ville MacGyver gjort? For å forstå korleis ein lærer er det to hovudmonument som krev utforsking. Det eine er korleis ein faktisk lærer, altså, korleis hjernen prosesserer, koplar saman og lagrar informasjon. Dette går under kognitiv læringsteori. Det andre er korleis ein best kan leggje til rette for læring gjennom metodar og undervisingsmedium. Dette går under didaktikk eller undervisingsvitskap, og krev både ei teoretisk og praktisk-pedagogisk tilnærming. MacGyver er truleg kjend for dei fleste, og karakteren var (og er) min store helt. Sjølv om fysikken sine lover kanskje har litt friare tyglar i det universitet han oppheld seg, så er det mykje fornuftig å spore i mannen med hockeysveisen. MacGyver er etter mitt skjøn eit godt eksempel på ein som meistrar å sjonglere den teoretiske og praktiske biten. Ein som ser at alle situasjonar ikkje er like, og at metodar krev tilpassing for å gi eit ynskjeleg resultat. Studentar er ikkje like. Dei er i ulike livsfasar med ulike interesser, der nokre har solide forkunnskapar, medan andre har få eller endåtil ingen. Det er ei enkel felle å tru at det som fungerer i ein kontekst fungerer like godt i ein annan. Studien viste at studentane ser eit positivt tilhøve mellom didaktisk innsikt og digital kompetanse hjå førelesarar, og at det er eit positivt forhold mellom desse eigenskapane og haldningar til multimodale presentasjonar.

Ein sveitsisk lommekniv. For meg er den raude kniven sjølve symbolet på MacGyver, og eg meiner PowerPoint på same vis kan vere eit mangefasettert verktøy. Det vil sjølvsagt vere slik at det er situasjonar der eit kvart verktøy kjem til kort, og det er særleg viktig å kunne ha den naudsynte kompetanse til å vurdere i kva grad ein kan rettferdiggjere bruken, og ikkje minst korleis ein best kan utnytte verktøyet. Dette krev både teoretisk og praktisk-pedagogisk innsikt, noko som strekk seg utover ein basal kompetanse i bruken av PowerPoint.

Populære innlegg fra denne bloggen

Hvordan drøfte?

Hvordan skrive essay?