Meir nynorsktrøbbel

Eg er framleis like frustrert, og no er vi snart i januar. Terminkarakterane skal settast. Eg lurar på om elevane skjønar kor dårleg dei ligg an, eller om det kjem overraskande på dei. Eg lurar på om dei bryr seg om det, eller om det er greitt å ha dårleg nynorskkarakter på vitnemålet. Eg lurar på om dei skjønar at dei ikkje kjem til å bli nynorskekspertar i løpet av nokre veker i april på VG3, men at det faktisk krevst trening for å bli god til å skrive, uansett kva målform (eller språk) ein jobbar med.
Sukk.
Kommentarer