Kva skal ein gjere med norskfaget?

På Twitter kjem det mykje interessant, i dag mellom anna dette blogginnlegget om kva ein bør gjere med norskfaget, og framfor alt med læreplanen i norsk. Innlegget er skrive av professor Gunnar Skirbekk, og han går gjennom ein del av punkta som det er meininga at elevane skal meistre etter tre år med norsk i videregåande skule.

Som norsklærar kan eg ikkje anna enn å seie meg einig i det Skirbekk skriv; "Dei [Utdanningsdirektoratet] leverer høgttravande og innhaldstom pedagogisk retorikk og stiller urealistiske krav til elevane i norskfaget", og vidare "Læreplanen for norskfaget er altfor omfattande og ganske urealistisk, og dessutan vindskeiv i forhold til det vi med god grunn forstår som eit norskfag. Derfor trengst det ein grunnleggjande revisjon av læreplanen.".

Ein kan jo så håpe på at den komande revisjonen av læreplanen for norsk inneheld endringar som gjer faget meir spiseleg både for lærarar og for elevar. Eg ønskjer meg færre og meir fokuserte læreplanmål, og eg ønskjer meg moglegheit til å drive med undervisning utan å måtte vurdere heile tida for å skaffe til rette karaktergrunnlag for tre karakterar. Eg ønskjer meg meir om samansette tekstar, og meir om retorikk. Eg ønskjer meg mindre vissvassrundtomkringstoff om alt det andre som det er fint at ein får snakka om i skulen, men som ikkje har noko med det som ein gjengs nordmann vil oppfatte som ein naturleg del av faget norsk å gjere. Slik det er no er norsk eit blablafag, kor vi nyttar tida på litt av alt, vi skal innom kvar busk og kvart tre i heile skogen, utan plan og utan retning vimsar vi rundt og hiver oppi norsksekken litt av ditt og litt av datt, og ender med ein einaste stor norskgraut som berre få likar smaken på når han er ferdig.

Færre og færre tek Nordisk på universiteta rundt om, framfor alt fordi dette faget tradisjonelt har vore ein viktig rekrutteringsarena for norsklærarar. No vil færre og færre bli norsklærarar, fordi ein veit at det er (for) mykje jobb å vere norsklærar. Av dei eg jobbar med, er det dei flittigaste som blir verande i norsklærarstillingane. Vi andre ventar i nokre år og får litt erfaring, før vi nyttar ansiniteten vår til å ønskje oss ut av faget. Ikkje fordi det er uinteressant eller lite viktig, for meg står norsk som det absolutt viktigaste faget i skulen, sjølv om eg titulerer meg statvitar. Men, innhaldet i faget er uklart og vanskeleg tilgjengeleg, det elevane skal lære står ikkje i samsvar med det både dei og eg ventar av faget, og det evige kravet om vurdering verkar ekstra sterkt inn i eit fag kor vi lyt sette tre karakterar. Så noko bør gjerast. Eg ventar i spaning.

Kommentarer

Eg er heilt einig i at norskfaget har vorte for omfangsrikt. Me får leve i håpet om fruktbar tynningshogst;)

Populære innlegg fra denne bloggen

Statsbudsjettet 2011 og frafall i videregående skole

Arbeid med roman i norskfaget: Tante Ulrikkes vei

Spill Alias!